|
|
Møllargutstugo
(Johannes Sundsvalen spelar Møllargutens bruremarsj. Spelet byrjar om 2 min.)
Møllargutstugo er ei tømra husmannstugu frå midten av 1700-talet. Stugo stod på eigedomen Steinhaug nedanfor Nes kyrkje på Nesodden.
I samband med 200 - års jubiléet for Møllargutens fødsel blei stugo flytta til Ejvutunet og restaurert i 2001.
Møllarguten, Torgeir Augunsson, vert rekna som den mest særmerkte og namngjetne hardingfelespelaren i landet.
I denne stugo budde Møllarguten saman med faren, søskena og stemora, Ingrid Larsdotter Steinhaug, frå omlag 1814 til fram mot midten av 1820-talet. Dette blei nokre viktige ungdoms- og utviklingsår for Møllar'n, og det var i denne tida han blei ein kjent og mykje bruka spelemann.
Stugo har eitt rom og kove, og innreiinga er identisk frå denne tida. Peisen er bygd opp av gråstein, sand og leire. Musikken ligg i veggane, og det vert arrangert konsertar og samkomer her både sumar og vinter.


[ Tilbake til toppen ]
|
|
|
|