vju Bygdetun Sauherad
er eit levande og interessant bygdetun og museum i Midt-Telemark, 4 km frå Gvarv mot Hørte og 6 km frå Bø sentrum.
Dei gamle husa er frå 17- og 1800-talet. Både inventar og dei mange bruksgjenstandane fortel om ein gard der eigarane heldt fast på bygdetradisjonane. Særmerkt er den store samlinga med stasknivar og sprangarbeidet.
Vengeburet, Møllargutstugo, Beltevevarstugo og Holtanstugo er blitt flytt til Evjutunet i dei seinare åra. Kvar stugu har si soge. Geitene mekrar og hønene kaklar i det vakre tunet.
Små og store er velkomne
Om sumaren er Evju Bygdetun Sauherad ope kvar dag, med unntak av måndag, mellom kl. 12:00 - 17:00.
Ein kan få kjøpe mat i "Eldhuset". Vi tek imot bestilling frå grupper og lag heile året. Mange feirar bryllaup og
andre merkedagar på tunet. Vi lagar opplevingar for ulike grupper etter avtale (opp til 80 stk.).
Sauherad kommune har 4 400 innbyggjarar. Bygda omkransar Norsjø, Sauarelva og Gvarvelva. Det er båtliv, badeliv, fisking og camping. Kommunen produserer om lag 25 prosent av all registrert fruktproduksjon i landet, og ein biltur gjennom frukthagane i blomstringa er ei vakker oppleving.
Bygda har òg to særmerkte og namngjetne steinkyrkjer frå 1100-talet. Koret i Nes kyrkje vert rekna som eit av dei mest intime og vakre kyrkjeromma i landet.
Erik Werenskiold: Telemarksjenter, Gvarv, 1883. Oljemåleri, Nasjonalgalleriet
Det var i dette landskapet målaren Erik Werenskiold (1855 - 1938) fann inspirasjon til mange av sine kjente naturmåleri, blant andre bondemåleria "Telemarksjenter" (1883) og "En bondebegravelse" (1885).
Sauherad kommunene ligg sentralt til mellom byane Skien og Notodden og nærleiken av "Sommarland" i Bø. Vi anbefaler ein kombinasjonstur Sommarland og Evjutunet.