Holtanstugo er flytta frå garden Nordistugu Øvre Holtan i byrjinga av 1990-åra. Ho har ei grunnflate på fem ganger fem meter og er dela i to rom, stugu og kove. Garden Øvre Holtan var eit senter for haugianarane i bygda, og ein kan tenke seg at dei hadde samlingar her. Torstein Torsteinsson var husbonde på garden frå 1833 og ein av dei fremste haugianarane i Sauherad. Det er sagt om han:
"Han talte ikke Guds Ord i Opbyggelser, men deltok gjennem Bøn og eiede en betydelig Ledergave, rig Erfaring og store kristelig Klogskab. Da han var velstaaaende , understøttede han i Stilhed baade Bygdens egne trængende samt tilreisende Haugianere, der virkede ulønnet, baade med Klæder og reisepenge, naar det var nødvendig. Han betragtedes som en aandelig Patriark og blev omfattet af alle med Kjærlighed og Høiagtelse."
(Bygdebok for Sauherad Gards- og Ættesoge Band III)

Inne kan ein sjå rosemåling av den kjende målaren Olav Hansson. Han levde i Telemark frå rundt 1750 til 1820. Stilen hans er prega av brei festleg rokokko-ornamentikk med roser og akantusranker, som har innslag av naivistiske figurar frå jakt og arbeid, slagsmål og felespel. Olav Hansson var ein av dei fremste representantane for denne folkekunsten, og arbeida hans er høgt verdsett.
Framøytangen er eit idyllisk lite tun med stove, stabbur, eldhus og låve. I tidlegare tider var Tangen ein husmannsplass under garden Evju.
Ved tunet var det opplastningsplass av jern til og frå Hørteverket på 1700-talet.

[ Tilbake til toppen ]