Stabburet er frå 1730-åra, og det blei stelt opp rundt 1920 av John Evju og sønene Jon og Halvard. Stabburet er rikt dekorert med vakre utskjeringar, og i loftet er det ymse reiskap og husgeråd. Bygningen er ei perle på tunet.
Vengeburet
Dette sjeldne buret er frå 1700-talet. Det stod på garden Stenningen på Holtsås før det vart flytta til Evju på 1980-talet. Vengebur er ein spesiell type bur i Midt- og Aust-Telemark. Det har svalgang på to sider, og det blei bruka til å tørke korn, lin og anna i. Både korn og mjøl blei oppbevart i byrer inne i buret. Vengeburet var på den måten kornkammeret på garden. Dette buret er det einaste i sitt slag i Sauherad kommune.

[ Tilbake til toppen ]