Framsida

Kva skjer?

Gardssoga

Gardshusa

Knivsamling

Vegen til Evju

Språk / Language:
    



Beltevevarstugo til Hælge Olsdotter Innleggen


Hælge Olsdotter Innleggen var fødd i Storskott på Lifjell i 1840. Ho flytte til Innleggen Åsareset i Sauherad rundt 1880. Der sette ho opp den gamle tømra som nå er flytt til Evjutunet.




Stugo var hennar bustad på Innleggen i Åsareset
på Gvarv frå rundt 1880 til ho døydde i 1923.

Hælge Olsdotter utmerka seg på mange felt innan husflidsarbeid, men spesielt blei ho kjent for belteveving. Ho fekk derfor tilnamnet Hælge Beltevevar. Hælge fekk fleire utmerkingar for arbeida sine - mellom anna "Norges Vels Sølvmedalje" ved amtutstillinga i 1899 og "Norges Jubileumsutstillings sølvmedalje" i 1914. På slutten av 1800-talet leverte ho brikkebandsbelte til dei finaste beltestakkane i Midt- og Aust-Telemark. Olav Bentsrud i Heddal fortalde at Hælge Olsdotter reiste med båten til Notodden kvar vår. Då hadde ho med seg fleire belte som ho hadde vove om vinteren. Desse leverte ho til kvinner i Heddal og Sauland. Ho hadde sjølv konstruert ein vevstol som ho fekk ekstra god kvalitet på belta med, og på den kunne ho renne fleire belte om gongen.




Inne frå stugo med belteveven midt på bildet.

Storskottbelta blei det offisielle namnet fordi Hælge var fødd i Storskott. Belta skil seg klart ut frå andre, både i kvalitet og farger. Brikkebandsbelta er spesielle for Aust-Telemark og har tradisjonar langt tilbake i tida. Då Anne Bamle kom med Heddalsbunaden i 1920-åra, hadde ho fått informasjon og lærdom av Hælge. Hælge sat inne med rike tradisjonar og viten om folkedraktene, både strikking, rosesaum - spesielt flammesaum og farger. Varianten av Aust-Telemarkbunaden som i dag blir kalla beltestakken, har namn etter Hælge.


[ Tilbake til toppen ]




Kontakt:

Telefon:
35 95 57 08

Fax:
35 95 55 89

E-post:
gurojfos@start.no

Copyright © 2002 - tag DSIGN